Eg spurde storebroren i huset på 4 år om han ville vera med på tur ein søndag med stiv kuling og opne slusar frå himmelen. Og turvant som han er sa han ja.
"Men eg trur eg må ha på meg sånn jakke som fiskarane og asfaltmannnane brukar", sa han fornuftig.
Me la i veg utover myr, lyng, "blautaskit" og store damar...i retning storhavet. Med det største gliset om munnen hoppa han frå dam til dam, slo fast at det blæs godt og at det var meir vatn i løypa enn sist me gjekk.
"Du kan få bestemma kor langt me skal gå i dag", sa eg til han der han med konkurranseinstinkt i blikket skimta tre turgåarar framfor seg. Då me kom opp på svaberga med utsikt mot Marstein fyr hadde me begge vanskar med å halda oss på beina, og 4-åringen kneip augo saman og ropte gjennom vinden.
"Mamma, no trur eg kanskje me kan snu". Etter ein kort sjokoladestopp var han klar for tilbaketuren og klissblaute kom me til bilen.
"Det var ein fin tur, men kan me drikka kakao når me kjem heim?"
Det finst ikkje dårleg turvêr....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar