onsdag 16. november 2011

Tenn lys...


Mindre enn førti dagar til jul, så då byrjar eg så smått å pynta. Lysa i hagen er på plass, og på spisebordet har sviblar og lys fått plass på eit lysfat frå IKEA. Duken er frå H&M home.

Rotsamlaren

Tipper det er fleire enn meg som har ting og tang liggande på kjøkkenbenken... Eg synest iallfall rotet ser  litt betre ut når eg samlar det i Babell tårnet frå Koziol. Mitt er kjøpt på Amalie i Bekkjarvik.

fredag 4. november 2011

Enkel pynt

 Det skal ikkje så mykje til for å pynta opp litt i stova. På veggen har eg skrudd opp ei Ribba biledlist frå IKEA. Oppå den har eg ulike rammer med svart-kvit foto. I denne ramma frå Åhlens er minstemann sin vesle neve oppi min, eg likar slike kontrastar mellom liten og stor... Vasen frå SIA er kjøpt på Amalie i Bekkjarvik og passar perfekt oppå biledlista. Denne veka har nokre konglekvistar frå vegkanten pynta vasen, veka før var det haustkvistar med raude bær.

fredag 14. oktober 2011

Ruskavêr

Eg spurde storebroren i huset på 4 år om han ville vera med på tur ein søndag med stiv kuling og opne slusar frå himmelen. Og turvant som han er sa han ja.
"Men eg trur eg må ha på meg sånn jakke som fiskarane og asfaltmannnane brukar", sa han fornuftig.
Me la i veg utover myr, lyng, "blautaskit" og store damar...i retning storhavet. Med det største gliset om munnen hoppa han frå dam til dam, slo fast at det blæs godt og at det var meir vatn i løypa enn sist me gjekk.
"Du kan få bestemma kor langt me skal gå i dag", sa eg til han der han med konkurranseinstinkt i blikket skimta tre turgåarar framfor seg. Då me kom opp på svaberga med utsikt mot Marstein fyr hadde me begge vanskar med å halda oss på beina, og 4-åringen kneip augo saman og ropte gjennom vinden.
"Mamma, no trur eg kanskje me kan snu". Etter ein kort sjokoladestopp var han klar for tilbaketuren og klissblaute kom me til bilen.
"Det var ein fin tur, men kan me drikka kakao når me kjem heim?"
Det finst ikkje dårleg turvêr....

tysdag 4. oktober 2011

Ny start!

Eg er heime i permisjon med lillemann, leser blogger dagleg, og tenkte at no skal eg jammen meg starta opp igjen bloggen som eg så smått starta på då me bygde huset på Tinghaugen. Den gong starta eg bloggen fordi eg rett og slett leita sjølv etter nokon som skreiv eller viste bilete av hustypen vår. Fann ein på Sunnmøre, og tenkte...kanskje eg også skal skriva nokre ord og ta bilete, det kan jo vera fleire som leitar.

I dag innser eg at bloggarar landet over inspirerer meg, og kanskje kan eg vera ein av dei som kan dela litt og inspirera andre.