måndag 15. februar 2010

Lamper...


Sist veke var eg i bydn og kjøpte åtte lamper til huset! Har bestillt ein del via nettet også. Lampene varierer frå enkle til morosame og eg gler meg til å henga dei opp og sjå korleis dei farger romma.

Maling


Når det er vakkert vintervær ute og god musikk på ipod'n er det slettes ikkje verst å male. Heile andre etasje er ferdig og me er godt i gang med første. Det blir for det meste kvitt...

Ståande kledning


Huset vårt tek form, er snart heilt ferdig utvendig! Er veldig nøgde med den smale ståande panelen, som er spesiallaga til Boligpartner-husa.

torsdag 15. oktober 2009

Badet


Baderomsmøblementet til 1. etg er allerede innkjøpt. Kvitt, enkelt... skal ha avlange kvite fliser på veggane og grå på golvet.

Manglar ei bokhylle


For ti år sidan kjøpte eg denne bokhylla på kim tvedt i Bergen. Den kjem til å passa perfekt inn i bibliotekstova i 2.etg. Problemet er berre at me har så mange bøker at eg gjerne skulle hatt ei hylle til av same sort. Nokon som har sett ei slik?

Badekar


Sjølv om det er eindel mnd til huset er ferdig har eg allereie begynt å kjøpa inn inventar og møbler... Badekaret er på plass!

Hus, reis deg


To jobbemenn er i gang og etter eit par dagar var 1.etg reist.

Quadra Milano




Grunnarbeidet er ferdig og huset kan reisast. Me byggjer Quadra Milano frå Boligpartner, og det er Bømlo Hus som utfører arbeidet.

Støyping


Finværet kom aldri, så det drppa litt på plata då den vart støypt i slutten av september.

Grunnmur


Etter mange seine kveldar var ringmuren på plass.