Frå terrassen i andre etasje føles det som om me kan sjå halve verda...iallfall Møkstrafjorden, øyane i vest og båtlivet. Er godt nøgde med glassrekkverket!
Alt er malt, golva er lagt (bortsett fra dei tre parkettbordene som me hadde for lite av...), kjøkkenet er montert og det nærmer seg innflytting. Men eg trur nok det går nokre veker før me kan synka ned i sofaen i vårt nye hus... Men me har aldri vore nærmare...