Frå terrassen i andre etasje føles det som om me kan sjå halve verda...iallfall Møkstrafjorden, øyane i vest og båtlivet. Er godt nøgde med glassrekkverket!
Alt er malt, golva er lagt (bortsett fra dei tre parkettbordene som me hadde for lite av...), kjøkkenet er montert og det nærmer seg innflytting. Men eg trur nok det går nokre veker før me kan synka ned i sofaen i vårt nye hus... Men me har aldri vore nærmare...
Sist veke var eg i bydn og kjøpte åtte lamper til huset! Har bestillt ein del via nettet også. Lampene varierer frå enkle til morosame og eg gler meg til å henga dei opp og sjå korleis dei farger romma.
Når det er vakkert vintervær ute og god musikk på ipod'n er det slettes ikkje verst å male. Heile andre etasje er ferdig og me er godt i gang med første. Det blir for det meste kvitt...