torsdag 15. oktober 2009

Badet


Baderomsmøblementet til 1. etg er allerede innkjøpt. Kvitt, enkelt... skal ha avlange kvite fliser på veggane og grå på golvet.

Manglar ei bokhylle


For ti år sidan kjøpte eg denne bokhylla på kim tvedt i Bergen. Den kjem til å passa perfekt inn i bibliotekstova i 2.etg. Problemet er berre at me har så mange bøker at eg gjerne skulle hatt ei hylle til av same sort. Nokon som har sett ei slik?

Badekar


Sjølv om det er eindel mnd til huset er ferdig har eg allereie begynt å kjøpa inn inventar og møbler... Badekaret er på plass!

Hus, reis deg


To jobbemenn er i gang og etter eit par dagar var 1.etg reist.

Quadra Milano




Grunnarbeidet er ferdig og huset kan reisast. Me byggjer Quadra Milano frå Boligpartner, og det er Bømlo Hus som utfører arbeidet.

Støyping


Finværet kom aldri, så det drppa litt på plata då den vart støypt i slutten av september.

Grunnmur


Etter mange seine kveldar var ringmuren på plass.

Utsikt


Det er god utsikt frå tomten, til øyane og havet i vest.

Tomten er klar


Even Drivenes maskin har gravd og flytta på stein, og tomten vår vart klar sommaren 2009.